Det er ikkje så heilt uvanleg, då Kina ligg 7 timar framfor oss i tid, at eg vaknar til mail frå dei. Det fører ofte til intens mailskriving tidleg på morgonen, akkurat slik som i dag. Då pappaen og var i hus i dag, så var det litt lettare å berre hive seg rundt og ta tak i det med ein gong, og i dag førte det faktisk til ganske spennande endringar, sånn heilt i siste liten. Ei ny historie i historia vart laga, og versjon nr. 10 eller 11. vart sendt til Kina. Eg er visst kome litt ut av tellinga. Den nye historia skal gjere det endå kjekkare for dei eldre lesarane og. Ho kan vere litt vanskeleg å oppdage, kanskje, men det skal vere underhaldande for alle som les boka.
Det som likevel kanskje var aller mest spennande i dag, var den flotte pakken som kom på døra. Det var Hillesvåg ullvarefabrikk som sende ein ny pakke med garn, og eit nytt sitteunderlag skal strikkast. Det var perfekt timing då sjølve klemmetrollet er klart til toving når eg får festa trådane. Eg gledar meg veldig til det er heilt ferdig, men legg no ut eit bilete av slik det er førebels.... Vonar det vert bra! Planen er at det skal bli to pakkar. Ein pakke med bok og alt ein treng til trollet, og ein nybegynnarpakke med bok og alt ein treng til sitteunderlag.
.jpg)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar