Det store klemmetrollet
mandag 29. april 2013
Så kom innslaget! :-) For snart to veker sidan hadde me koseleg besøk av NRK, og i dag vart innslaget sendt. Bøkene vart stoppa i tollen i Kina, men no er dei endeleg på veg. Me gledar oss til å få bli med på ulike arrangement framover, og vonar me får møte mange kjekke folk på dei ulike arrangementa! :-)
Innslaget kan du sjå her :-)
onsdag 24. april 2013
Kjekt å ha med!
Ungane vil ut og leike uansett kva ver det er. Då er det jammen godt å ha eit klemmetrollsitteunderlag av ull til å sitte på medan eg skubbar dissa :-)
fredag 19. april 2013
To av bøkene er kome!
To av bøkene er komne! Dei rakk heldigvis fram før Nrk kom på besøk, slik at me fekk vise dei fram. No ventar me i spenning på resten og gledar oss veldig til å sjå korleis ferda går vidare. Mykje spennande er under planlegging, og me gledar oss til eit lite førbokslepp på Haugartun for dei lokale, og mange andre spennande arrangement.
Fotograf Gøril Sætre har tatt flotte bilete av produkta og modellane våre, det er bilete som skal nyttast på dei ulike pakkane våre. Me hadde flotte modellar som var kjempeflinke!
Nrk på besøk!
Eit kjekt tv-team frå Nrk Sogn og Fjordane var på besøk onsdag.
Onsdag 17.april kom eit hyggeleg tv-team til Klemmetrollhuset. I skikkeleg Taklevér vart nok filminga ute ein heller våt fornøyelse, men kjekt var det i alle fall. No ventar både små og store i spenning på når innslaget kjem i Vestlandsrevyen.
lørdag 13. april 2013
Flott fjelltur!
I dag vart det ein herleg tur på fjellet! Me måtte sende ei lita helsing til alle frå den fine stølen. God helg! :-)
fredag 12. april 2013
Litt om kommande strikkepakkar!
Det å strikke noko sjølv er ei
god kjensle, om ein er 4 år, 40 år eller 70 år. Opplevinga ved å
kunne det, lære meir og sjå korleis ein sjølv vert flinkare og
flinkare har mange høgdepunkt uansett alder. Det å lage sitt første
produkt, om det er grytelapp, skjerf eller sitteunderlag, eller med
sin erfaring kunne lage flotte klede og mjuke tepper til born, nieser
og nevøar, borneborn eller kjæreste. Noko som ein har strikka sjølv
er kjekt å gje i gåve. Det er annleis å gje nokon noko du har
arbeidd mykje med, og det er alltid kjekt å få. Kva med å gje
besteforeldre, tanter og onklar klemmetrollsitteunderlag til jul? Og
så invitere dei med på tur ut i skogen.
Det å strikke handlar og om
gode minner. Kanskje er det bestemor som lærer borneborna å
strikke. Dei stundene desse to har saman vil bli til varige minner
som i lang tid stadig dukkar opp i ivrige stunder der flittige hender
tryllar fram tjukke labbar, lue og vottar til eigne barnebarn.
Me som har lært å strikke veit
at det ikkje alltid var så lett i byrjinga heller. Masker som var så
stramme at det knirka i strikkepinnane, andre som var så lause at
dei sklei av pinnen, og resultatet som vart noko skeivt og skakt, og
ikkje alltid så fint. Med denne pakken kan borna få anledning til å
lage noko som uansett vil bli stilig! Men litt hjelp kan dei lage
sitt eige sitteunderlag, eller ei gåve til småsøsken eller andre,
og det vil bli bra! Om det vert litt skeivt og skakt, så skal det
tovast, og så er det eit klemmetroll, og klemmetroll skal vere slik.
Det store klemmetrollet skal ikkje vere perfekt, det skal vere slik
barnet vil det skal vere. Det skal innby til eit smil, ei kjensle av
meistring og ei kjekk kosestund med bok og mat på grillen, eller ei
god turniste på fjellet.
Borna kan gje trollet sitt eige
uttrykk, når dei lagar det, akkurat sånn dei vil ha det. Dei kan
kikke i boka for å finne trollet i ulike humør, og for å få
inspirasjon om dei treng det. Eit sitteunderlag kan jo sjå litt
skeptisk ut med tanke på at nokon vil sitte på det! Kanskje det vil
sjå overraska ut? Kanskje det har hekla hår? Knytt hår? Kanskje
det får nye og spennande uttrykk etter kvart? Ta gjerne bilete av
korleis dykkar klemmetroll vert og send det til oss på
reknesforlag@live.no, og
kanskje det hamnar på heimesida vår.
lørdag 6. april 2013
Spennande tider!
Det er ikkje så heilt uvanleg, då Kina ligg 7 timar framfor oss i tid, at eg vaknar til mail frå dei. Det fører ofte til intens mailskriving tidleg på morgonen, akkurat slik som i dag. Då pappaen og var i hus i dag, så var det litt lettare å berre hive seg rundt og ta tak i det med ein gong, og i dag førte det faktisk til ganske spennande endringar, sånn heilt i siste liten. Ei ny historie i historia vart laga, og versjon nr. 10 eller 11. vart sendt til Kina. Eg er visst kome litt ut av tellinga. Den nye historia skal gjere det endå kjekkare for dei eldre lesarane og. Ho kan vere litt vanskeleg å oppdage, kanskje, men det skal vere underhaldande for alle som les boka.
Det som likevel kanskje var aller mest spennande i dag, var den flotte pakken som kom på døra. Det var Hillesvåg ullvarefabrikk som sende ein ny pakke med garn, og eit nytt sitteunderlag skal strikkast. Det var perfekt timing då sjølve klemmetrollet er klart til toving når eg får festa trådane. Eg gledar meg veldig til det er heilt ferdig, men legg no ut eit bilete av slik det er førebels.... Vonar det vert bra! Planen er at det skal bli to pakkar. Ein pakke med bok og alt ein treng til trollet, og ein nybegynnarpakke med bok og alt ein treng til sitteunderlag.
Det som likevel kanskje var aller mest spennande i dag, var den flotte pakken som kom på døra. Det var Hillesvåg ullvarefabrikk som sende ein ny pakke med garn, og eit nytt sitteunderlag skal strikkast. Det var perfekt timing då sjølve klemmetrollet er klart til toving når eg får festa trådane. Eg gledar meg veldig til det er heilt ferdig, men legg no ut eit bilete av slik det er førebels.... Vonar det vert bra! Planen er at det skal bli to pakkar. Ein pakke med bok og alt ein treng til trollet, og ein nybegynnarpakke med bok og alt ein treng til sitteunderlag.
Abonner på:
Innlegg (Atom)





.jpg)