Det å strikke noko sjølv er ei
god kjensle, om ein er 4 år, 40 år eller 70 år. Opplevinga ved å
kunne det, lære meir og sjå korleis ein sjølv vert flinkare og
flinkare har mange høgdepunkt uansett alder. Det å lage sitt første
produkt, om det er grytelapp, skjerf eller sitteunderlag, eller med
sin erfaring kunne lage flotte klede og mjuke tepper til born, nieser
og nevøar, borneborn eller kjæreste. Noko som ein har strikka sjølv
er kjekt å gje i gåve. Det er annleis å gje nokon noko du har
arbeidd mykje med, og det er alltid kjekt å få. Kva med å gje
besteforeldre, tanter og onklar klemmetrollsitteunderlag til jul? Og
så invitere dei med på tur ut i skogen.
Det å strikke handlar og om
gode minner. Kanskje er det bestemor som lærer borneborna å
strikke. Dei stundene desse to har saman vil bli til varige minner
som i lang tid stadig dukkar opp i ivrige stunder der flittige hender
tryllar fram tjukke labbar, lue og vottar til eigne barnebarn.
Me som har lært å strikke veit
at det ikkje alltid var så lett i byrjinga heller. Masker som var så
stramme at det knirka i strikkepinnane, andre som var så lause at
dei sklei av pinnen, og resultatet som vart noko skeivt og skakt, og
ikkje alltid så fint. Med denne pakken kan borna få anledning til å
lage noko som uansett vil bli stilig! Men litt hjelp kan dei lage
sitt eige sitteunderlag, eller ei gåve til småsøsken eller andre,
og det vil bli bra! Om det vert litt skeivt og skakt, så skal det
tovast, og så er det eit klemmetroll, og klemmetroll skal vere slik.
Det store klemmetrollet skal ikkje vere perfekt, det skal vere slik
barnet vil det skal vere. Det skal innby til eit smil, ei kjensle av
meistring og ei kjekk kosestund med bok og mat på grillen, eller ei
god turniste på fjellet.
Borna kan gje trollet sitt eige
uttrykk, når dei lagar det, akkurat sånn dei vil ha det. Dei kan
kikke i boka for å finne trollet i ulike humør, og for å få
inspirasjon om dei treng det. Eit sitteunderlag kan jo sjå litt
skeptisk ut med tanke på at nokon vil sitte på det! Kanskje det vil
sjå overraska ut? Kanskje det har hekla hår? Knytt hår? Kanskje
det får nye og spennande uttrykk etter kvart? Ta gjerne bilete av
korleis dykkar klemmetroll vert og send det til oss på
reknesforlag@live.no, og
kanskje det hamnar på heimesida vår.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar