mandag 29. april 2013
Så kom innslaget! :-) For snart to veker sidan hadde me koseleg besøk av NRK, og i dag vart innslaget sendt. Bøkene vart stoppa i tollen i Kina, men no er dei endeleg på veg. Me gledar oss til å få bli med på ulike arrangement framover, og vonar me får møte mange kjekke folk på dei ulike arrangementa! :-)
Innslaget kan du sjå her :-)
onsdag 24. april 2013
Kjekt å ha med!
Ungane vil ut og leike uansett kva ver det er. Då er det jammen godt å ha eit klemmetrollsitteunderlag av ull til å sitte på medan eg skubbar dissa :-)
fredag 19. april 2013
To av bøkene er kome!
To av bøkene er komne! Dei rakk heldigvis fram før Nrk kom på besøk, slik at me fekk vise dei fram. No ventar me i spenning på resten og gledar oss veldig til å sjå korleis ferda går vidare. Mykje spennande er under planlegging, og me gledar oss til eit lite førbokslepp på Haugartun for dei lokale, og mange andre spennande arrangement.
Fotograf Gøril Sætre har tatt flotte bilete av produkta og modellane våre, det er bilete som skal nyttast på dei ulike pakkane våre. Me hadde flotte modellar som var kjempeflinke!
Nrk på besøk!
Eit kjekt tv-team frå Nrk Sogn og Fjordane var på besøk onsdag.
Onsdag 17.april kom eit hyggeleg tv-team til Klemmetrollhuset. I skikkeleg Taklevér vart nok filminga ute ein heller våt fornøyelse, men kjekt var det i alle fall. No ventar både små og store i spenning på når innslaget kjem i Vestlandsrevyen.
lørdag 13. april 2013
Flott fjelltur!
I dag vart det ein herleg tur på fjellet! Me måtte sende ei lita helsing til alle frå den fine stølen. God helg! :-)
fredag 12. april 2013
Litt om kommande strikkepakkar!
Det å strikke noko sjølv er ei
god kjensle, om ein er 4 år, 40 år eller 70 år. Opplevinga ved å
kunne det, lære meir og sjå korleis ein sjølv vert flinkare og
flinkare har mange høgdepunkt uansett alder. Det å lage sitt første
produkt, om det er grytelapp, skjerf eller sitteunderlag, eller med
sin erfaring kunne lage flotte klede og mjuke tepper til born, nieser
og nevøar, borneborn eller kjæreste. Noko som ein har strikka sjølv
er kjekt å gje i gåve. Det er annleis å gje nokon noko du har
arbeidd mykje med, og det er alltid kjekt å få. Kva med å gje
besteforeldre, tanter og onklar klemmetrollsitteunderlag til jul? Og
så invitere dei med på tur ut i skogen.
Det å strikke handlar og om
gode minner. Kanskje er det bestemor som lærer borneborna å
strikke. Dei stundene desse to har saman vil bli til varige minner
som i lang tid stadig dukkar opp i ivrige stunder der flittige hender
tryllar fram tjukke labbar, lue og vottar til eigne barnebarn.
Me som har lært å strikke veit
at det ikkje alltid var så lett i byrjinga heller. Masker som var så
stramme at det knirka i strikkepinnane, andre som var så lause at
dei sklei av pinnen, og resultatet som vart noko skeivt og skakt, og
ikkje alltid så fint. Med denne pakken kan borna få anledning til å
lage noko som uansett vil bli stilig! Men litt hjelp kan dei lage
sitt eige sitteunderlag, eller ei gåve til småsøsken eller andre,
og det vil bli bra! Om det vert litt skeivt og skakt, så skal det
tovast, og så er det eit klemmetroll, og klemmetroll skal vere slik.
Det store klemmetrollet skal ikkje vere perfekt, det skal vere slik
barnet vil det skal vere. Det skal innby til eit smil, ei kjensle av
meistring og ei kjekk kosestund med bok og mat på grillen, eller ei
god turniste på fjellet.
Borna kan gje trollet sitt eige
uttrykk, når dei lagar det, akkurat sånn dei vil ha det. Dei kan
kikke i boka for å finne trollet i ulike humør, og for å få
inspirasjon om dei treng det. Eit sitteunderlag kan jo sjå litt
skeptisk ut med tanke på at nokon vil sitte på det! Kanskje det vil
sjå overraska ut? Kanskje det har hekla hår? Knytt hår? Kanskje
det får nye og spennande uttrykk etter kvart? Ta gjerne bilete av
korleis dykkar klemmetroll vert og send det til oss på
reknesforlag@live.no, og
kanskje det hamnar på heimesida vår.
lørdag 6. april 2013
Spennande tider!
Det er ikkje så heilt uvanleg, då Kina ligg 7 timar framfor oss i tid, at eg vaknar til mail frå dei. Det fører ofte til intens mailskriving tidleg på morgonen, akkurat slik som i dag. Då pappaen og var i hus i dag, så var det litt lettare å berre hive seg rundt og ta tak i det med ein gong, og i dag førte det faktisk til ganske spennande endringar, sånn heilt i siste liten. Ei ny historie i historia vart laga, og versjon nr. 10 eller 11. vart sendt til Kina. Eg er visst kome litt ut av tellinga. Den nye historia skal gjere det endå kjekkare for dei eldre lesarane og. Ho kan vere litt vanskeleg å oppdage, kanskje, men det skal vere underhaldande for alle som les boka.
Det som likevel kanskje var aller mest spennande i dag, var den flotte pakken som kom på døra. Det var Hillesvåg ullvarefabrikk som sende ein ny pakke med garn, og eit nytt sitteunderlag skal strikkast. Det var perfekt timing då sjølve klemmetrollet er klart til toving når eg får festa trådane. Eg gledar meg veldig til det er heilt ferdig, men legg no ut eit bilete av slik det er førebels.... Vonar det vert bra! Planen er at det skal bli to pakkar. Ein pakke med bok og alt ein treng til trollet, og ein nybegynnarpakke med bok og alt ein treng til sitteunderlag.

fredag 5. april 2013
Kvar finn du klemmetrollet?
Kvar finn du klemmetrollet?
Det store klemmetrollet, debutboka til Reknes forlag, ei bok på nynorsk for dei aller minste, finn du her:
www.reknesforlag.com
www.bokkilden.no
http://www.ark.no/SamboWeb/enkeltSok.do;jsessionid=738A98CFD5CF127E0BE185944D7432EB.node2?rom=&enkeltsok=Det+store+klemmetrollet+Monica+Skjelanger+Reknes&innsnevre=ja&button=+&rom=AR
http://www.tanum.no/tanum/product/product-detail.action?id=9788299928007
Og tusen takk om du vil hjelpe trollet på vegen ut i verda, gjerne ved å like sida til trollet på Facebook som du finn her:http://www.facebook.com/pages/Det-store-klemmetrollet/583911384954218

Eit nytt forlag
Så skjedde det...
Ei spennande reise er i gang! Eg heiter Monica, er blitt 37 år, er utdanna adjunkt med tilleggsutdanning både i kristendom, tilpassa opplæring og psykososialt arbeid med born og unge. Etter å ha vore litt andre stader, bygde og familien min (mann og fire born i alderen 6 månader til snart 19 år) oss hus på Takle i Gulen der eg vaks opp. No har me budd der i ein del år, og det er stor stas å sjå at folk kjem attende til tomme hus og fyller grendene våre att med nytt liv. Mykje skjer og i grendalaga, særleg i vårt, og me likar å tru at det er ei medvirkande årsak til at husa ikkje står tomme lenger. I grendahuset her på Takle er alt frå kunsthelgar for born, basarar, kunstutstillingar, pubkveldar, kurs, barnevognrebus og mykje meir. Ein flott stad for små og store i eit godt fellesskap. Her vonar eg me får bli i mange år framover og, og gjerne kunne få drive eiga verksemd herifrå.
Som firebarnsmor med born i alderen 6 månader til 18 år, var eg noko frustrert over at det skulle vere så vanskeleg å finne bøker til dei minste på nynorsk. Som lærar og mor med stor kjærleik for bøker, er eg opptatt av at borna får tilgang til bøker frå dei er heilt små. Det er kjekt å lese og fortelje historiar og eventyr til dei aller minste, så det har eg og gjort med mine frå dei var nyfødde. Eg vil nok tru at dei på kuvøsa på barneavdelinga på sjukehuset såg litt rart på meg der eg sat med mi vesle, for tidleg fødde jente, og fortalde om bukkane bruse og andre eventyr. No er ho 6 månader og elsker det eventyret. Det same gjer storebroren på 19 månadar, som og elsker det. Eg har meldt begge inn i bokklubbar, men ingen kan levere bøker på nynorsk, noko som resulterte i at eg stadig må oversette bøkene når eg les.
Så leikar me mykje, eg og ungane. Det trur eg me likar like godt, alle saman. Med historiar og litt frustrasjon over mangelen på nynorske barnebøker i bakhovudet, så var ikkje vegen til klemmetrollet lang. Då var det berre å kaste seg rundt og lage det medan det var der. Mammahjertet slo ekstra fort og hardt då dei små strekte armane sine mot skjermen for å ta på det. Dei viktigaste kritikarane hadde uttalt seg: suksess!
Så var arbeidet i gang med å få forlaget i sving, signere avtalar her og der, ta mange telefonar, ta patent på trollet, lage heimeside, facebookside, osv, osv. Alt tok sjølvsagt mykje lenger tid enn det eg hadde tenkt, og alt skulle gjerast medan ungane sov, me var på køyretur, eller dei var opptatt av andre ting, for eg vil alltid vere mamma fyrst.Likevel må det seiast at det har skjedd kombinasjonar av amming, kortspel og chat med trykkeri i Kina. Det har og skjedd at me har starta bilen på tunet, og eg sat med både telefon og pc på fanget for å få orden på ting før me kunne køyre. Undervegs i denne prosessen kom idéen om å lage ein strikkepakke med bok, mønster og garn til klemmetrollet. Slik kunne dei som ynskjer det lage sitt eige klemmetroll til bornet. Då kan bornet sjølv gje klemmetrollet ein god klem. Og så er det så kjekt å gå ut på tur med dei små. Då kom tanken om å ta med boka ut på tur og kose seg med mat og ei lesestund i skogen. Då er det vel viktig med eit sitteunderlag? Kanskje storesøster eller storebror kan lage det? Eller fingerhekle håret og lage sitteunderlaget saman med foreldre eller besteforeldre? Og slik kom samarbeidet med Hillesvåg ullvarefabrikk i gang. Så no er to strikkepakkar på trappene, ein med bok og alt ein treng til klemmetrollet, og ein "min fyrste strikkepakke", eller namnet er ikkje heilt bestemt enno, med bok og alt ein treng til sitteunderlaget.
No har Reknes forlag på Takle gått inn i ei spennande tid med ulike flotte samarbeidspartnarar. Det å sende klemmetrollet ut "i verda" er litt skummelt, men svært kjekt og! Så står det att å sjå korleis verda vil ta i mot klemmetrollet.
Så god tur, kjære klemmetroll! Det vert spennande å fylgje deg framover!

Abonner på:
Innlegg (Atom)

.jpg)