fredag 5. april 2013

Eit nytt forlag

Så skjedde det...

Ei spennande reise er i gang! Eg heiter Monica, er blitt 37 år, er utdanna adjunkt med tilleggsutdanning både i kristendom, tilpassa opplæring og psykososialt arbeid med born og unge. Etter å ha vore litt andre stader, bygde og familien min (mann og fire born i alderen 6 månader til snart 19 år) oss hus på Takle i Gulen der eg vaks opp. No har me budd der i ein del år, og det er stor stas å sjå at folk kjem attende til tomme hus og fyller grendene våre att med nytt liv. Mykje skjer og i grendalaga, særleg i vårt, og me likar å tru at det er ei medvirkande årsak til at husa ikkje står tomme lenger. I grendahuset her på Takle er alt frå kunsthelgar for born, basarar, kunstutstillingar, pubkveldar, kurs, barnevognrebus og  mykje meir. Ein flott stad for små og store i eit godt fellesskap. Her vonar eg me får bli i mange år framover og, og gjerne kunne få drive eiga verksemd herifrå.

Som firebarnsmor med born i alderen 6 månader til 18 år, var eg noko frustrert over at det skulle vere så vanskeleg å finne bøker til dei minste på nynorsk. Som lærar og mor med stor kjærleik for bøker, er eg opptatt av at borna får tilgang til bøker frå dei er heilt små. Det er kjekt å lese og fortelje historiar og eventyr til dei aller minste, så det har eg og gjort med mine frå dei var nyfødde. Eg vil nok tru at dei på kuvøsa på barneavdelinga på sjukehuset såg litt rart på meg der eg sat med mi vesle, for tidleg fødde jente, og fortalde om bukkane bruse og andre eventyr. No er ho 6 månader og elsker det eventyret. Det same gjer storebroren på 19 månadar, som og elsker det. Eg har meldt begge inn i bokklubbar, men ingen kan levere bøker på nynorsk, noko som resulterte i at eg stadig må oversette bøkene når eg les.

Så leikar me mykje, eg og ungane. Det trur eg me likar like godt, alle saman. Med historiar og litt frustrasjon over mangelen på nynorske barnebøker i bakhovudet, så var ikkje vegen til klemmetrollet lang. Då var det berre å kaste seg rundt og lage det medan det var der. Mammahjertet slo ekstra fort og hardt då dei små strekte armane sine mot skjermen for å ta på det. Dei viktigaste kritikarane hadde uttalt seg: suksess!

Så var arbeidet i gang med å få forlaget i sving, signere avtalar her og der, ta mange telefonar, ta patent på trollet, lage heimeside, facebookside, osv, osv. Alt tok sjølvsagt mykje lenger tid enn det eg hadde tenkt, og alt skulle gjerast medan ungane sov, me var på køyretur, eller dei var opptatt av andre ting, for eg vil alltid vere mamma fyrst.Likevel må det seiast at det har skjedd kombinasjonar av amming, kortspel og chat med trykkeri i Kina. Det har og skjedd at me har starta bilen på tunet, og eg sat med både telefon og pc på fanget for å få orden på ting før me kunne køyre. Undervegs i denne prosessen kom idéen om å lage ein strikkepakke med bok, mønster og garn til klemmetrollet. Slik kunne dei som ynskjer det lage sitt eige klemmetroll til bornet. Då kan bornet sjølv gje klemmetrollet ein god klem. Og så er det så kjekt å gå ut på tur med dei små. Då kom tanken om å ta med boka ut på tur og kose seg med mat og ei lesestund i skogen. Då er det vel viktig med eit sitteunderlag? Kanskje storesøster eller storebror kan lage det? Eller fingerhekle håret og lage sitteunderlaget saman med foreldre eller besteforeldre? Og slik kom samarbeidet med Hillesvåg ullvarefabrikk i gang. Så no er to strikkepakkar på trappene, ein med bok og alt ein treng til klemmetrollet, og ein "min fyrste strikkepakke", eller namnet er ikkje heilt bestemt enno, med bok og alt ein treng til sitteunderlaget.

No har Reknes forlag på Takle gått inn i ei spennande tid med ulike flotte samarbeidspartnarar. Det å sende klemmetrollet ut "i verda" er litt skummelt, men svært kjekt og! Så står det att å sjå korleis verda vil ta i mot klemmetrollet.

Så god tur, kjære klemmetroll! Det vert spennande å fylgje deg framover!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar